tirsdag 1. februar 2011

"Haugtussa"

- Av Arne Garborg 1895

Teaterbesøk 31. Januar - 2011

Oppsettinga på Rogaland teater var merkeleg, sjølve stykke vart kreativt laga, men på ein absurd måte. Dei brukte musikk og dans til å utrykke seg på, og sjølve stykket blei presenter i form av song frå Arne Garborg sine dikt. Ein kan seie at teaterstykket var ein diktsyklus.  Utan noko forarbeid ville ein ikkje kunna forstå symbola eller handlinga i ”Haugtussa”. Eg kunne heller ikkje gjenkjenne meg i dette stykket fordi det var ganske fremmande. Det er tydeleg at det er i ein anna tidsperiode og ein ser korleis ei bygd opplev eit menneske som er annleis og ikkje passar inn.
I dag er me vande med ulike typar menneskjer som har ulike eigenskapar, og synast ikkje det er så fremmande. Og me veit at me kan bestemma vår eigen identitet, me kan gå vår eigen veg og me kan velje det meste. Å finne vår eigen identitet i dag er like vanskeleg som det ein gang var. Men i dag er me omringa av utroleg mange sub kulturar med forskjellige identitetar og det har blitt meir respektert å være annleis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar